Vikarprest Kristine Borgen

Vikarprest Kristine Borgen

Kristine Borgen.

Presten Rune Stormark har vore sjukemeldt ei stund no. I hans fråver har vi fått Kristine Borgen inn som vikar.  Kristine er frå Kvarstein i Vennesla. Ho har tre søner på 16, 18 og 20 år. Kristine har dei siste åra arbeidd med psykisk helse i Kristiansand kommune. Ho byrja på teologistudiet allereie i 1990, og gjorde ferdig avsluttande praktikum i 2016. I mellomtida har ho arbeidd med mykje forskjellig, blant anna som lærar og journalist, og som kyrkjelydssekretær i Vesterålen og som ungdomsarbeidar i Torridal kyrkjelyd.

Her i Evje og Hornnes har ho gått inn i alle oppgåvene som ein sokneprest har med stort pågangsmot. Vi ynskjer ho velkomen til Evje og Hornnes. 

 

 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.