Konsert med "High Road" i Bygland kyrkje


Konsert med "High Road" i Bygland kyrkje


Bygland kyrkje - torsdag 20.august Kl.18.00

plakat high road i bygland kyrkje

 

Torsdag 20.august kl.18.00 vert det ein strålande konsert med den amerikanske country-gospelgruppa "High Road" i Bygland kyrkje.

Konserten er eit samarbeid mellom Bygland sokneråd, KVS Bygland og Bedehusfestivalen på Finsland.

Dei fire jentene syng og spelar på både mandolin, piano, fele og gitar.

Dei har vore i Noreg før, og skal denne gongen spela på bedehusfestivalen på Finsland helga etter konserten i Bygland kyrkje, sjå meir info om denne på https://bedehuset.no

Konserten skjer i nært samarbeid med KVS Bygland, og elevane der vert spesielt invitert.


Billettprisen er kr. 250,- og selges i døra.

Velkomen til Bygland kyrkje.

Etter konserten vert det bevertning.

 

Tilbake